
-No står vi på Nordkapp, vi er optimistiske og samstundes ser det skummelt ut. No har vi akkurat fått løfte om skyss med ein buss. Så i dag kjem vi oss til Alta. Det fortel Kristiansunderen Espen Aarsvold.
Saman med kameraten Mathias Nordahl Carlsen skal Aarsvold haike til Cape Town. Korleis det skal gå til, og kor vegen går sørover veit dei ikkje. Best går det når dei kjem ut av Noreg og sørover. Det veit dei frå dei tidlegare turane. Dei har nemleg haika til Marokko og til Kina før.
-Vi har har lagt merke til at det vert enklare å få haik, og folk vert meir hjelpsame, jo lenger sør vi kjem. Det beste landet å haika i til no, har vore Iran, seier Aarsvold.
Dei to kameratane har fått fleire sponsorar med seg. Sidan Aarsvold og Carlsen skal reisa og bu gratis, gir dei sponsorpengane til bistandsstiftinga Sabona.
-Vi syns Ynghild Solholm, som starta Sabona, gjer ein god jobb. Sabona driv eit godt bistandsarnbeid i Zimbabwe, meiner Espen Aarsvold.
Som haikarar går vegen dit dei får skyss. Aarsvold og Carlsaen vonar dei får vitja Zimbabwe og sett arbeidet til Sabona. Dei kan møta folk i naud, tørke og sult, difor har dei to haikarane tenklt gjennom kva dei vi gjera i slike tilfelle.
-Vi syns ikkje det vert etisk rett om vi skulle be om mat frå dei som svelt. I slike tilfelle vil vil gjera opp for oss, seier Espen Aarsvold.
Turen er tenkt å vara i tre månader, fjernsynsprogram frå turen blir det òg.
18000 km med tom lommebok og tommelen opp