I det siste har eg vore på reise i skyggen av Bysants – ei bok av William Dalrymple. Han reiser gjennom det gamle austromerriket på jakt etter spor av dei gamle kyrkjene som Johannes Moscho besøkte på si reise i 578. I dette området har det vore kristne tradisjonar som på mange måtar hadde virka framande på oss.
Slik eg oppfattar det han skriv, har noko av livsprosjektet til stylittar, ørkenfedre og eremittar vore å fri seg frå det jordiske, det materielle, sånn at ånden kan oppleve å kome nær Gud. Desse eremittane kan virke absurde på meg når dei piner seg sjølv gjennom ekstreme botsøvingar. Kva slags gode gjerningar kan dette vere? Ingen andre har nytte av det dei piner seg gjennom. Men dei fortel meg noko om at det ikkje sikkert er det materielle som skal vere det viktigaste i livet.
Det er typisk norsk å vere rik. Og vi har begynt å utvikle vaner som rikfolk har. Rike folk passer på pengane sine. Dei rike vart rike fordi dei såg eigedom og pengar som det viktigaste å leve livet for. Vi har slumpa til å få eige eit oljefond som vi no skal passe på og fordele etter beste evne.
I den siste veka har vi krangla om pensjonsrettar og eg har oppdaga at eg er redd for å hamne i ei gruppe som ikkje får del i det materielle godet ein god pensjon er. Rart å være redd for ikkje å få pengar som eg kanskje ikkje ein gong treng. Eg kjenner at eg gjerne vil vere trygg på at all økonomi er i orden dei neste (og mine siste) 40 åra. Økonomi og materiell tryggleik er då det alt dreier seg om, ikkje sant?
Så åpnar eg boka til William og les om ørkenfedre som skulle klare seg utan det meste, fordi det er Gud alt dreier seg om. Folk som møtte dei beskriv dei som kloke, audmjuke og med varm venlegheit. Det er ikkje sikkert vi treng alt det materielle og all velstanden vi er så opptatt av. Kanskje hadde eg hatt godt av å ikkje fokusere på pengar i seg sjølv, men på kva nytte pengane kan gjere for menneske som treng dei meir enn meg.
Det er eit mysterium dette med å ha alt i Gud. Han som seier han vil gi framtid og håp. Vi kristne har lett for å sitere slike bibelord, men lever vi som om vi trur på dei? Eg trur på AFP og god pensjon og blir fort redd dersom nokon tuklar med mine rettar der, men trur eg på at Gud gir framtid og håp?
2008.04.04 Leiar Sæther