- En NOREA samarbeidsradio
Jubileums-Respons
09.04.08 kl. 21:55

Ein kjempegod start!

Etter fyrste dag med Respons er vi oppe i 45610. Veldig bra, og vi er veldig takksame!
Sjølv etter ein heller problematisk start, så vart det ein god Responsdag. 

-Det er skikkeleg inspirerande å oppleva all støtta Radio Sentrum har fått desse timane! Det seier dagleg leiar Jan Ove Krutvik.

Respons går i år direkte frå Betania i Erling skakkes gt. Der har Radio Sentrum laga studio i møtesalen, og inviterar lyttarane til å oppleva radio på direkten i Betania. I tillegg til kaffe og kaker, har det vore minikonsertar og gjestar.

Torsdag kjem mellom anna Dag Heggset ned barn klokka 17.30 og ungdomskoret Frekvens kjem 19.30. Du er velkomen til Betania.

-Det er triveleg at så mange har tatt turen innom, men dei fleste som støttar Responsaksjonen sit ved radioapparatet. Det er lyttarane som er dei viktigaste støttespelarane seier Krutvik.

Ti prosent av alt som kjem inn under Respons går til radiomisjon i Elfenbeinskysten.

Torsdag held Respons fram mellom klokka 15 og 22.
VidSyn utviklet av NLM IKT Service